I mørket er alle kattar grå
Sammendrag
Kvifor hadde eg ikkje fortalt Ingvaldsen om Ani? Jau, eg visste at fekk han kjennskap til henne, var han nøydd å rapportere henne vidare i systemet. Då ville ho bli heimsendt. Utanlandske kvinner fekk ikkje opphald i Norge sjølv om dei var mindreårige og vitna mot bakmennene. Kanskje nokre, men ikkje sigøynarjentene. Det var eg sikker på. Så snart ho kom heim til foreldra, ville dei selje henne igjen, eller ho vart bortgift for å produsere jentebarn, som kunne seljast om nokre år. Når ein ikkje har mat på tallerkenen, er det ikkje lett å vere moralist. I mørket er alle kattar grå er ei spennande og velskreva kriminalroman. Den set fokus på dei svakaste av alle, barn som blir utsett for menneskehandel. Kven får seg til å selje dottera si for mat? Er det mulig å hjelpe? Eller er nokre dømt til å mislukkast? Det startar med etterforsking av eit drap, men utviklar seg til eit drama på liv og død.