Songar og dikt på telemål

Songar og dikt på telemål

av Robert Burns,
2020
nno
ISBN: 9788299981842
Kopiert!

Sammendrag

Robert Burns (1759-1796), Skottland sin nasjonalskald, skapte songar og dikt som ikkje berre har vorte ein del av den skotske folkesjela, men som òg har vore med og forma den. Men Burns skreiv på dialekt, og dialekt i originalen krev òg dialekt i gjendiktinga. Denne samlinga freistar å flytte eit knippe av desse tekstane over i det språklege landskapet i Vest-Telemark, i håp om at dei, slik som originalane, kan finne seg til rette blant folkedikting og folkeviser. Boka er ei parallellutgåve, med dei norske og dei skotske tekstane side om side, og inneheld m.a. det burleske langdiktet «Tam o' Shanter», eller «Tor frå hei'».

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser