Sikkert ein klemmefamilie

Sikkert ein klemmefamilie

av Elin F. Styve,
2022
nno
ISBN: 9788230354018
Kopiert!

Sammendrag

Når utruskapsbarnet Una som vaksen bestemmer seg for å gjera alt ho kan for å sameinast med faren, er det med ei kjensle av at noko viktig manglar i livet hennar, og ho kjenner seg einsam i lag med mora.

Faren er den kjende sjølvhjelpseksperten MotivaTor, og Una følger med på alt han gjer, gjennom YouTube og sosiale medium. Inspirert av dei oppmuntrande livsråda hans finn ho mot til å oppsøka han for å få bli ein del av livet hans, trass i åtvaringar frå sine nærmaste.

MotivaTors svoltne sjølvbilde får næring av beundringa han møter hjå publikummet sitt. Men samsvarer merkevaren med hans faktiske liv og personlegdom?

Undervegs i jakta på faren erfarer Una at alt ho har drøymt om, ser annleis ut enn det ho forventa. Når ho blir kjend med halvbroren Kalle, tar trua hennar på faren ei dramatisk vending, og ho gjer eit avgjerande val.

Lån boken

Henter lånestatus

Kjøp boken

Henter priser